Kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal kommune

Følgende er utdrag fra  Sluttrapport frå Kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal kommune (Fylkesmannen i Telemark)

Manus: Ole Per Schei.

 

 

Bakgrunn for prosjektet

Nordbygda med Ambjørndalen i Hjartdal er eit av 5 større samanhengande område i Telemark som vart utpeika som nasjonalt verdifulle kulturlandskap i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap (1994).

I tillegg vart Bondalgrenda utpeika som spesialområde på grunn av interessant bygningsmiljø og rike kulturmarker.

I rapporten frå den nasjonale registreringa, som er eit resultat av ei registrering av verdifulle kulturlandskap i heile Noreg, vart dei norske kulturlandskapa omtala som "betydningsfulle og uerstattelige innslag i vår felles europeiske kulturarv". Vidare seier rapporten at i eit Europa der mange landskapstypar er øydelagt eller forsvunne, kan det norske kulturlandskapet som framleis har store økologiske og kulturhistoriske verdiar, tene som referanseområde og ei levande historiebok. Hjartdal kommune.

Fylkesmannen i Telemark, Telemark Fylkeskommune og Riksantikvaren engasjerte seg for å følgje opp den Nasjonale registreringa, mellom anna gjennom utarbeiding av forvaltningsplanar for kulturlandskapet i Nordbygda med Ambjørndalen, og ein plan for vern, busetnad og stadbunden næringsutvikling i Bondal. Planarbeidet vart finansiert av Direktoratet for Naturforvaltning og Fylkesmannen i Telemark.

Etter initativ frå Hjartdal kommune laga Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga, i 1998 eit framlegg til eit treårig kulturlandskapsprosjekt med prosjektleiar geografisk plassert i Hjardal. Prosjektet som er finansiert med midlar frå Fylkesmannen, Riksantikvaren, Telemark Fylkeskommune, (Telemark Landbrukselskap), Hjartdal kommune og Direktoratet for Naturforvaltning vart sett i gang i april 1999 med Ole Per Schei som prosjektleiar.

 

Gjennomføring

I prosjektperioden 1999-2002 er det lagt vekt på kontakt med gardbrukarane i områda for å motivere, informere og byggje opp entusiasme knytt til kulturlandskapet. I praksis vart det mellomanna arrangert kulturlandskapssamlingar med ulike tema som spenner frå biologisk mangfald og lokal foredling til økonomiske støtteordningar forvalta av det offentlege. I tillegg har prosjektleiar vore med på mange dugnader og einskildtiltak, og har prioritert oppfølging og motivering i prosjektperioden.

 

Resultat

 

Bondal

Restaurering av bygningar, rydding og rekonstruksjon av attgrodd areal har vore prioritert i kulturlandskapsarbeidet i Bondal. Dette for å opne landskapet og gje betre inn- og utsyn. På denne måten vert opplevinga av dei verdifulle kulturlandskapsområda både for bygdefolk og tilreisande. I tillegg

var det ei prioritert oppgåve å skape entusiasme og få igang fellestiltak der alle var med og utførte dugnader hos kvarandre.

 

Restaureringstiltak

Det vart til saman restaurert/rydda 75-80 daa i Bondal. Av dette er noko utført ved bruk av leigd arbeidskraft, men det er òg lagt ned eit vesentleg dugnadsarbeid, tilsaman 344 timar. Oppslutnaden på dugnadane har stort sett vore over 100% då både hyttefolk og slektningar av innbyggjarane og har stilt opp.

 

Gjerdeplan

Ved intensivert bruk av beite, som eit oppfølgjande skjøtselstiltak, er det naudsynt med gode gjerde. I kulturlandskapet i Bondal er det nytta tradisjonell "stakittgard" som er ein bordgard-variant med ståande bord for å minimere snøskadar. Noko netting er òg nytta i tillegg til bruk av flyttbart elektrisk gjerde.

 

Tradisjonelle beitedyr

Stadig mindre tradisjonell drift med slått og beiting har påverka utviklinga i kulturlandskapet negativt, i Bondal, som ellers i Noreg. Denne utviklinga ser ut til å vere stadig aukande, men i Bondal er det teke lokale initiativ for å motvirke den. Her er yngre krefter i planfasen for å intensivere beitebruken med tradisjonelle husdyrrasar og vurderer innkjøp av telemarkfe og gamalnorsk sau.

 

Museum

På garden til Øystein Bondal i Nord-Bondal har det gjennom generasjoner blitt teke vare på alt som var av reiskap og gjenstandar. Bortimot 6000 gjenstandar er no samla i eit eige museumsbygg og sikra for ettertida. På garden til Øystein Bondal er det over 50 eldre bygningar, og då er ikkje "småbygg" teke med!

 

Markvandring

Kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal kommune har oppnådd resultat som har synt seg interessante for ulike lag, organisasjonar, FOU-miljø og ulike forvaltningsorgan. Mange grupper vitjar Bondal og Nordbygda for å høyre om og sjå resultat frå prosjektet.

 

Digitalt kart

Etter lokale initiativ vart det i Bondal gjennomført prosjekt for utarbeiding av digitale stadnamn-kart. Med utgangspunkt i dette er det no mogeleg å leggje inn andre opplysingar digitalt eksempelvis kulturmarkstypar, og vidare tilretteleggje for visualisering og formidling via internett med bilde, film og 3-D kartmodellar. Høgskulen i Telemark har kompetanse på dette, og er villeg til å bidra vidare i eit slikt arbeid.

 

Lokal forankring og vidareføring

I Nordbygda er det oppretta ei eiga kulturlandskapsgruppe som skal vere pådrivarar og medverkarar for å få vidareført arbeidet som er lagt ned i kulturlandskapsprosjektet.

Bondal grendelag har same oppgåve i Bondal.

Den lokale viljen og entusiasmen er stor, og bygdefolk har i løpet av prosjektperioden gjennomført store fellesaktivitetar. Slåttefestivalen er eit eksempel på dette.

 

Samanfattning

  • Styringsgruppa for Kulturlandskapsprosjektet har konkludert med at måla med prosjektet er nådd og at ein har fått meir ut av prosjektet enn ein kunne forvente.

  • Tre år er noko kort tid for å sjå varige resultat, men i løpet av prosjektperioden har det kome tilbakemeldingar både frå lokalt, og frå regionalt hald om at dei ser ei klar haldningsendring hos inbuarane frå å vere skeptiske til eit slikt "verneområde" til ei meir positiv haldning med ein offensiv vilje til å sjå mogelegheitane kulturlandskapet har for det framtidige landbruket i bygda.

  • Lokalt har det skjedd mykje, og tal på dei lokale initiativa er aukande. Gardbrukarar er innstilt på at ein innan tradisjonelt landbruk må tenkje nytt, og at kulturlandskapsverdiane må ivaretakast og involverast i næringsutviklinga.

  • Forvaltning av eit slikt område krev nytenkjing, fagleg og praktisk kompetanse i tillegg til utøvande bevarings- og utviklingsarbeid. Eit slikt omfattande arbeid forutset eit breitt samarbeid mellom ulike fagmiljø og alle forvaltningsnivå. Prosjektet har prioritert samarbeid innan lokalmiljø, mot fagmiljø og forvaltningsorgan. Lokalt er det stor vilje til å trekkje i saman, og i same retning, jfr slåttefestivalen. Forvaltningsorgana på alle nivå har synt vilje til satsing. Kommunen har teke på seg ansvaret for å følgje opp, og for å jobbe offensivt med vidareføring av arbeidet som er lagt ned i prosjektet. Kulturlandskap er prioritert i kommunens Landbruksplan og Strategisk Næringsplan.